Jens Haugan er musiker og komponist bosatt på Hamar!

Jens Haugan er både dyktig og svært allsidig...


Jens Haugan er godt plassert i rocketradisjonen fra 70- og 80-tallet og spillte bl.a. slagverk i det norske progrockbandet Thule fra Honningsvåg...!


Om seg sjølv kan han fortelje:

 

I musikalsk samanheng er eg nok svært samansett. Eg er godt plassert i rocketradisjonen frå 70- og 80-talet og spela bl.a. slagverk i det norske progrock-bandet Thule frå Honningsvåg og er med på den ”legendariske” plateutgjevinga ”Ultima Thule” frå 1987. Men då eg gjekk musikklinja i Mosjøen og etterpå studerte musikk i Bodø, var det klassisk gitar som var hovudinstrumentet mitt. Det er også ”nylongstrengaren” som har følgt meg mest som instrument når eg komponerte eigne songar heilt tilbake frå 1978 og fram til i dag.

 

Eg har skrive både klassisk musikk, rock og viser. Interessa for viser heng nok nært saman med interessa for språk og kultur. Dette resulterte bl.a. i doktorgrad i nordisk språk med fokus på gammalnorsk.

 

Eg har hatt mi personlege ”visebølgje” etter at eg fekk utstyr til å gjere eigne opptak heime og byrja å skrive musikk til dikt av nynorskforfattarar som Olav H. Hauge, Olav Nygard, Olav Aukrust, Jakob Sande, Tor Jonsson, Anne Gullbjørg Digranes, Halldis Moren Vesaas og Randi Oppedal. Desse verka er samla på fire sjølvlaga CD-ar med litt varierande kvalitet (”Visedom” 1, 2, 3 og ”Da eg vakna”).

 

Interessa for Åsmund Sveen er relativt tilfeldig. Eg flytta til Hamar i 2007 for å byrje i jobb som førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Hedmark, og ”plutseleg” skulle Høgskolen arrangere eit seminar om Åsmund Sveen der eg steppa inn for ein kollega som melde avbod. Frå første setning i den første diktsamlinga til Åsmund Sveen, ”Andletet”, var eg forelska, og no har eg altså byrja å skrive musikk til eit utval av Åsmund Sveen sine dikt. Eg håpar at ein og annan song vil falle i smak hos dei som likar tekstane, og at eg kan bidra til å gjere dikta tilgjengelege for fleire som ikkje har vore så heldige å finne vegen til Sveen sitt univers.

 

Lytt gjerne til musikken min på: http://www.jenshaugan.com/music/